Start friluftseventyret på nett

White Planet er en nyhet som gir aktive og sporty friluftsmennesker muligheten til å surfe seg frem til det nye fete friluftsutstyret.

Den nye nettbutikken whiteplanet.no er skreddarsydd for aktive og sporty friluftsmenneske.

Bølgjesurfing og surfing over silkemjuk puddersnø har dei beherska lenge. No er Skigutane klare til å legge nettsurfing kombinert med shopping til repertoaret.

N
ettbutikken whiteplanet.no har samla noko av det aller beste Noreg har å by på av friluftsutstyr ein stad. Whiteplanet.no er ein felles nettbutikk for friluftsmerka Kari Traa, Bula, Vossatassar, Extrem og Åsnes.

Komplette kolleksjonar
Når Skigutane for første gong samlar alle sine merkevarer i ein felles nettbutikk, er resultatet ein butikk med rikt utval. Medan dei tradisjonelle sportsforretningane ofte nøyer seg med å selje utvalde produkt frå produsentane, vil whiteplanet.no vere staden for å finne dei komplette kolleksjonane.

White Planet har alt frå skihjelmar, ski, ullundertøy og snøbrett, til tekniske ytterklede, moteplagg, luer og barneklede. I nær framtid vil me også kunne tilby unike produkt frå dei ulike merkevarene som berre vil vere tilgjengelege på nett, seier Jan Stala hos Skigutane

Dei har også planar om å supplere nettbutikken på redaksjonelle artiklar. Artiklane skal gi praktiske råd om mellom anna riktig skival og korleis du bør kle deg i fjellet.

Frå Sverige til nettet
White Planet har fram til no berre hatt ein fysisk butikk i skieldoradoet Åre i Sverige. No tek dei altså steget ut til eit langt større publikum i den virtuelle verda.

Nettet gir oss mange store fordeler. I tillegg til at vi kan tilby eit større produktsortiment enn kva andre vanlege butikkar kan, vil butikken vere open for kundar over heile landet døgnet rundt, 365 dagar i året. Kundane kan handle i ro og mak heime, og for ordrar over 600 kroner vil det ikkje bli lagt til frakt, seier Stala.

Whiteplanet.no blir styrt frå og har lageret sitt på Voss. Nettstaden er førebels berre tilgjengeleg på norsk, og naturleg nok har vossaverksemda nytta nynorsk som målform på whiteplanet.no.